Mørkt eventyr i november

No plantar heksene kostane sine
på bakkekammen mot vest.
Der står dei med ribba og sprikjande kvister.
- Tjora er heksa sin hest

med skaftet i mold og soplimen bustut
og svart under sotut sky.
Sidan i kveld under gulostmånen
skal heksene ut og fly.

Høyr – no blæs dei i lyrane sine,
kallar over mot aust,
sopar govet om nåbleike strender.
Det kvin gjennom gisne naust.

Kald er anden frå heksemunnen
som gyv over brune mark,
øydande alt med sin rimfrostkvite,
- Og dua frå Noas ark

finn ikkje grønblad i nebben sin
og kvile i dyut rom.
November er argaste syndflodmånad
med verda så aud og tom.

November er argaste syndflodmånad.
Draugane rir over sjø,
og når dei i rova på kosteskafthesten,
dei druknar heksa i snø.

Aslaug Låstad Lygre (1910-1966)

Fra “Rit di rune”, Oslo 1957

Vist 16 ganger. Følges av 1 person.

Nye bilder