Solgangsvinden

Syster mi vil så gjerne lauga
og vada over sand,
og eg må følgje henne på vegen
of halda i hgennar hand.

Syster mi vil så gjerne lauga
og skylja sitt gile hår,
og eg – eg må følgja henne på vegen
og sjå kvarhelst ho går.

Heller ville eg stogga stundom
og svala mine fjell,
men syster mi vil så gjerne lauga
før ho går til sengs i kveld.

Ho vil så gjerne i bølgjene spegla
sitt andlet og nakne bryst.
Syster mi er så ung og ljosleitt,
men havet har henne kyst.

Og stendig – stendig ho skundar mot havet
som henne dei kjærteikna gav.
Eg kan ikkje følgja syster mi lenger.
- No kastar ho kåpa av.

No kastar ho av seg si skarlakskåpe.
Eg kan ikkje halda ho att.
Syster mi ho er så ung og ljosleitt
og havet vil ha ho i natt.

Aslaug Låstad Lygre (1910-1966)

Fra “Rit di rune”, Oslo 1957

Vist 11 ganger. Følges av 1 person.

Nye bilder