Viser arkivet for oktober, 2016

Song til Oselvaren

Eg har ein kjærast
så fin og smekker
med mjuke former,
så slank og lekker.
Eg stryk han kjærleg
med varleg hand.
Det kjennes herleg,
men farleg, mann.

Eg er forelska,
halvgamle kallen
er heilt fortutla
langt inne i skallen.
Det har eg vore
i mange år
og det vert verre
som tida går.

Eg har ein kjærast
som ligg her naken
eg har sett mange
men aldri maken.
Eg vert reint skjelven
og saftfull kåt
for aldri såg du
så praktfull båt

Om det er ruskever
eller maksver
så dreg me pala
og lyr og laks her.
Å finna lukke
er nokså lett.
Kjøp deg ein Oselvar
rett og slett.

Åsmund Lien