Viser arkivet for februar, 2016

Fjellet mitt.

Mitt Fjell, du stend like høgt og fritt
I Dag som i gamle Tider.
Her ser eg ut yver Landet vidt
Med Gardar og grøne Lider,
Til glitrande Fjord,
Der Gluntar umbord
Paa Fiskarbaatarne strider.
Her uppe sat eg so tidt og saag
Ut yver dei kjende Grender,
Fraa fagre Lid, som i Solskin laag,
Og ut til dei ljose Strender.
Eg kjende kvar Baat,
Som der lagde aat,
Paa Segli med Rær og Render.

Men saag um Vaaren eg Lofotbaat,
Som heim ifraa Langferd vende,
Eg stundad saart millom Laatt og Graat,
Til Storbaaten vaar eg kjende:
Daa fegen eg flaug
Paa Heid, yver Haug
Og Fader i Fanget rende.
Eg ser deg enno, du kjære Fjell
Med alle dei vide Syner,
So strengt, naar Skuggarne lange fell,
So fagert, naar Soli bryner!
Eg ser deg um Kveld
I logande Eld,

Naar Solgull ditt Hovud kryner.
Du var meg alltid so kjær og dyr,
Og hjartat deg aldri gløymer.
Du fager er som eit æventyr,
Der enno som Barn eg drøymer.
Du kjæraste Fjell
Ei Soga fortel,
Som heilage Minne Gjøymer.

Av Elias Blix. Salmar og Songar.

Maaneskin.

«Skinner maanen hos dig? Vi har maaneskin her,
det prektigste, vakreste maaneskinsveir . . .»
«Det samme hos os! Nei, det var da for rart . . .»
«Javisst er det rart. Her er maane og klart . . .
Kan du høre» . . . «Jeg hører hvert eneste ord . . .»
«Saa blank og saa stor!»

«Paa havnen dernede i maanegrønt skjær
staar sort imot guldstripen master og rær.
En verden av hvitt! Det er månen, som sner . . .
Og torvet . . . Jeg staar i mit vindu og ser . . .
Og vet du! Just var det en stjerne, som faldt.
Snart blir det vist kaldt.

Og nu vil jeg si dig en rar, liten ting:
Jeg drev her saa kjei og rotløs omkring.
Gud vet, hvad det ogsaa var med i mig kveld!
En træthet, en somhet! . . . Jeg vet ikke selv . . .
Du var saa langt borte . . . Et koldt, litet drag
av bitterhet, nag.

Nu er du mig atter saa levende nær.
Vi speider mot mannen og tenker som saa,
at maanen er blank, og det vil nok gaa.
Din maane, min maane! Trygt spænder den bro
imellom os to!

«Smil litt da! . . . Det sitrer i luft og i vinad . . .»
«Jeg staar jo og smiler det beste jeg kan.»
«Kys litt da! . . .» «Jeg kysser, jeg rækker min mund
mot maanen, vor maane saa blid og sa rund.»
«Hvisk litt da!» – «Jeg hvisker tre maanende ord.
Hvad var det jeg svor?»

«Og saa faar vi slutte vort prat for i kveld.
Til næste gang altsaa! Godnat og farvel!
Og var jeg litt kjei mig, litt uglad og træt,
aa, du vet ikke, hvor jeg kjender mig let!
Godnat, da, min Elskte! I fuldmaanens skin
er jeg din, bare din.»

Vogt.

Aldri glømma

Til Amnesty International’s 50-årsjubileum i 2011

Med diverse artister og “sivilister” fra Stavanger.

Elsk

Elsk

Den galne guten min hug hev dåra,
eg fangen sit som ein fugl i snåra;
den galne guten, han gjeng så baus;
han veit, at fuglen vil aldri laus.

Å gjev du batt meg med bast og bende!
å gjev du batt meg, so bandi brende!
Å gjev du drog meg so fast til deg,
at heile verdi kom burt for meg!

Ja, kund’ eg trolla og kund’ eg heksa,
eg vilde inn i den gute veksa;
eg vilde veksa meg i deg inn
og vera berre hjå guten min.

Å, du som bur meg i hjarta inne;
du magti fekk yver alt mitt minne;
kvart vesle hugsviv, som framum dreg,
det berre kviskrar um deg, um deg.

Um soli lyser på himlen blanke,
no ser ho deg, det er all min tanke;
um dagen dovnar og skómning fell:
skal tru han tenkjer på meg i kveld?

Um vinden strid yver heii susar,
det gule håre ditt visst han krusar;
um regne dryp med sin døyvde gråt,
so stakkars guten, no vert du våt.

Å berre timarne vilde skrida,
og berre dagerne vilde lida; -
men eg vil kveda og vera glad;
for um sundag kjem han, trala, trala!

Fra Arne Garborgs “Haugtussa”

Vond dag

Ho reknar Dag og Stund og seine Kveld
til Sundag kjen; han hev so trufast lova,
at um det regnde Smaastein yvi Fjell,
so skal dei finnast der i «Gjætarstova».
Men Sundag kjem og gjeng med Regn og Rusk;
ho eismal sìt og græt attunder Busk.

So vel ho veit han aldri svike kann,
um det kjem gode Dagar eller vonde;
han veit at daa ho aldri lìva kunde,
men sokk og dreiv som kalde Lik i Land.
Men tungt er Hjarta i den unge Bringe,
og rædde Graaten kann ho ikkje tvinge.

Daa kjem ho heim ein Sundags Kveld mot Haust,
av Hugverk mødd og sjuk av Auk og Otte
og trøytt og tung. All Dagen hev det aust
med Regn, so reint i Flaum ho vasse maatte.
Ho berre skundar seg og vil i Seng.
Det er det einaste ho veit og treng.

Men nett er Gamlen komin heim fraa Kyrkja;
og no med Pipa nøgd han nytt fortèl:
jau daa var Jon i Skarebròte sæl,
um hans ho vart, den kaute Velstands-Fyrkja!»
Ho kjenner Styng i Bryst og Skjelv i Kne;
i Vanmagt trøytt ho sìg paa Stolen ned.

Daa fær ho høyre meir en sjølv ho vilde;
ho høyre maa, at denne Guten staut,
som so ho trudde, lett sin Lovnad braut
og floksa fritt med alle Gjentur gilde.
Men no han vankar klok paa Bele-Rass
til sjølve rike Megga ifraa Aas.

Og denne etter Jon er reint som gali;
ho lokkar han so alle kann det sjaa;
og han so vel som andre vìta maa,
at ho er best av alle Gifte-Vali.
Og so med denne Drosi eine dansar han,
og andre gode Gjentur aldri ansar han.

Som Fuglen, saara under varme Veng
so Blodet tippar lik den heite Taara,
ho dreg seg sjuk og skjelvande i Seng
og vrid seg Natti lang i Graaten saare.
Det slit i Hjarta og det brenn paa Kinn.
No maa ho døy; ho miste Guten sin.

Fra Arne Garborgs “Haugtussa”

Kulokk

Kusåta! Kusåta!
I fjellet gror grønaste åta.
Kom kyri!
Kom dyri!
Kom Dimmeld og dros!
Kom Rangeliros!
Om kveld!

Fra Arne Garborgs “Haugtussa”

Veslemøy ved rokken

D’er haust. Det ruskar ute
med regn og kalde vind.
Småfuglen flyg mot rute
og ville gjerne inn.
Men under omnen god,
der ligg på sekke-pute
han gamle Mons i ro.

Der ligg han trygg og drøymer
og blinkar stilt og smått
og alt i verdi gløymer
og hev det varmt og godt.
Og seier ingen ting,
men liksom inn seg gøymer
med rova sveipt i kring.

Venaste prins i verdi
du gjekk i skogen grøn
med gullhår over herdi
og ung og keik og kjøn
og tenkte på den møy
som gjekk og henta bæri
så vide under øy.

Då kom den trollheks blide
med sving og sveiv og svins
frå trolleheimen vide
og såg den vene prins.
Men skræmd han frå ho skvatt.
Då las ho trollbøn stride
og gjorde han til katt.

Fra Arne Garborgs “Haugtussa”

Mot soleglad.

Det stig av hav eit alveland
med tind og mo;
det kviler klårt mot himilrand
i kveldblå ro.

Eg såg det tidt som sveipt i eim
bak havdis grå;
det er ein huld, ein heilag heim,
me ei kann nå.

Ho søv, den fine tinderad
i draume-bann;
men so ei stund ved soleglad
ho kjem i brand.

Når dagen sig som eld og blod
i blåe-myr,
det logar upp med glim og glod
og æventyr.

Det brenn i brè og skjelv og skin
med gullan-bragd,
og lufti glø`r i glans av vin,
sylv og smaragd.

Men av han døyr, den bleike brand,
som slokna glod,
og klårt som fyrr ligg alveland
i kveldblå ro.

Eg lengta tidt på trøytte veg
der ut til fred;
men landet fyrst kann syne seg
når sol gjeng ned.

Arne Garborg.