Viser arkivet for september, 2016

Turr jord

i ei sprukken potte
i karmen
kom eg over
manndommen min
du og du for ein
vesen krakje!
eg får klippa han ned
setja han mørkt i kjellaren

til våren
så får me nå sjå

Ingvar Moe (1936-1993)

Normberar

det hjelper då litt
med ein Hans Olav Tungesvik
ein gong imellom
så mykje heile landet
kan bli mint om
kva me eigentleg har
å stri med på bygdene

men mange fleire enn han
skulle gjera seg
til låtteløye
så fekk kanskje skikkelege folk
og ærlege kristne
fred te å putla med sitt

Ingvar Moe (1936-1993)

Eit ekteskap

dei blei ein gong liggjande
attmed kvarandre
i stokken

det hadde vore syltetøy på hendene
som blanda korta

Ingvar Moe (1936-1993)

Du kom te jordo

du kom te jordo
med altfor stutte
bein

di nådde aldri
heilt ned

Ingvar Moe (1936-1993)

Rom

dør itte
dør
slamra atte

nåttestider
kjeme dører og glas
på gløtt
men det e så blindt
om nåtto

sko så gjedna
fonne opningar
for stondo
ønka du deg
så støgt
der inne

Ingvar Moe (1936-1993)

Aldring

det unge hjarta
ville opna verda
greidde kje styra styrken sin
hogg og hogg
hogg ned
til pinneved

gam-le hjar-ta
rat-lar støtt
frå dør til dør og
knak-kar stilt men
finn dei al-le steng-de

Ingvar Moe (1936-1993)

Epilog i Etne

Neimmen, e de kje Ingvar di kjeme me!
Det e visst med nauo han leve?
Men så skund dåke, folkens, og grav han ned,
det kjeme te gro der de greve.
Det kjeme te gro rundt hans KVIL I FRED
så mykje skit som den fyren ha skreve.

Ingvar Moe (1936-1993)

(Forfatterens gravskrift over seg selv).

A Dog's Heart

It came to me that every time
I love a dog
they take a piece of my heart with them.
And every new dog that
comes into my life
gifts me with a piece of their heart.
If I live long enough,
all the components of my heart
will be dog,
and I will become as generous
and loving as they are.

NN

Sensommerdrømme.

Sensommerdrømme
en sensommerkveld;
i hjertet et dæmpet,
det siste farvel.
Tungt hænger løvet
falmet og støvet:
Nu kommer mørkets tid
med død og døendes strid!
Fra haverne rundt mig en syrlig lukt
av høstmuld og rødnende frukt.

Ja, nu er det modningens mætte tid!
Ens gjerning er øvet,
hver evne prøvet
er fæstnet og dyrket med ytterste flid.
I nytende ro vi føler vort værd
og svinger til lystige hugg vort sværd -
Hist raslet et blad . . .
Her tier et kvad . . .
Hvad gjaldt den saa, al vor larmende færd?
Vaabenløs staar jeg en sensommerkveld
og blikker ind i mig selv.
Jeg drømmer og vinger, ei hærdet til flukt, om blomster, som aldrig blev frukt.

Fra Et liv i dikt (utvalgte dikt av Nils Collett Vogt)

Eg kan

Eg skriv ikkje fint, og eg les ikkje fint,
så meg er det lett nok å terge.
Men gjeld det å springa av stad som ein hjort,
og dukke i elva, å klatre i berget . . .
Jau, det kan eg greie, jau, det går nok an,
om nokon vil seie dei trur at eg kan!

Eg somlar og rotar, sit aldri i fred,
og får aldri ferdig ei lekse.
Men gjeld det å lokke ei mor til å le,
ein hund til å danse,
ein blom til å vekse . . .
Jau, det kan eg greie, jau, det går nok an.
Om nokon vil seie dei trur at eg kan!

Eg greier mest aldri å fange ein ball,
eg spring nok, men stega er tunge.
Men gjeld det å stelle ein hest i ein stall,
ein sjuk i ei seng og ein ørliten unge . . .
Jau, det kan eg greie, jau, det går nok an.
Om nokon vil seie dei trur at eg kan!

Ingvar Moe (1936-1993)