Viser arkivet for stikkord aslaug

Bergbruri

Kvar er lykka?
Stundom i eit vatn der himilen speglar seg -
der nutar og lidar og nes sym
som i ein glidande draum.

I kveld er det i eit fjøllvatn, mektugt og breidt
med æar som fysser uti,
kvite av isen frå fennan på vidda.
Og bratte reinar
med bjørkekrullar
og rape og viu og tett grøn brisk
stend på skallen i vatnet.

Ei bergbrur stod i ufsi og sprikte med den kvite serken sin
og spegla seg att i djupaste vatnet,
med´ tusen sjønnur dansa ut frå dei grøne skålin.

Ho er som lykka millom to menn´skje.
Ho er ikkje tidt å finne,
men ein dag stend ho der,
i harde berget,
og då er ho annleis enn alt anna.

Når bergbrurin speglar seg i myrke fjøllvatn,
er det to som smiler til einannan,
er det to som vaknar or draumen sin.
Når bergbrurin drys sjønnun sine ivi vassflata
er det to hugar som flyt i hop
og laugar seg på djupet
og leikar seg med blå himil og kvite skyir.

Aslaug Vaa

Ved Djupetjønn

Djupetjønn hadde dei sagt
nedi bygdi.
No sat eg her
og stirde mot blanke botnen.
Grøn stein, svarte skuggar.
Soli var det som synte
skuggane,
dei grøne steinane høyrde til.

Rundt dirra lufti
mett av solskin.
Den siste dirr
før haustnettene.

Djupetjønnane
- no ligg dei med blank is
botnfrosne.

Eg stend att med voni
om ein ny vår,
ein ny dirr i lufti
ved Djupetjønn.

Aslaug Høydal

Solgangsvinden

Syster mi vil så gjerne lauga
og vada over sand,
og eg må følgje henne på vegen
of halda i hgennar hand.

Syster mi vil så gjerne lauga
og skylja sitt gile hår,
og eg – eg må følgja henne på vegen
og sjå kvarhelst ho går.

Heller ville eg stogga stundom
og svala mine fjell,
men syster mi vil så gjerne lauga
før ho går til sengs i kveld.

Ho vil så gjerne i bølgjene spegla
sitt andlet og nakne bryst.
Syster mi er så ung og ljosleitt,
men havet har henne kyst.

Og stendig – stendig ho skundar mot havet
som henne dei kjærteikna gav.
Eg kan ikkje følgja syster mi lenger.
- No kastar ho kåpa av.

No kastar ho av seg si skarlakskåpe.
Eg kan ikkje halda ho att.
Syster mi ho er så ung og ljosleitt
og havet vil ha ho i natt.

Aslaug Låstad Lygre (1910-1966)

Fra “Rit di rune”, Oslo 1957

Tidleg vår

Skogen står svart i heia.
Linna er nær.
Det sjogar audsleg i nakne greiner.
Det surklar sjukt under gamal is
som ikkje ber.

Eit barn står og glytter i døra.
Ei rute går opp.
Det svalar lint over bleike vangar.
Det skrattar kvast kringom reis og runn
og dunut knupp.

Den bråna eimen av snø ber inn,
og langt borti fjell
ryk det i skavlar og durar det dumpt.
Trøytte andlet snur seg og skodar
dit skredet fell.

Aslaug Låstad Lygre (1910-1966)

Fra “Rit di rune”, Oslo 1957

Eg møtte deg aldri

Var far din ein Gud frå det høge Olymp -
Var mor di ei heilag kvinne -
Eller steig du av bølgjene opp
og føddest ’kje nokosinne -

Var mor di ikkje av denne verd -
Var far din ei sky over havet -
I alle fall møtte eg aldri deg.
og no har eg ned deg grave.

No har eg grave deg ned i mold
ut på ei halvgløymd øy.
Eg møtte deg aldri. Du var ikkje til,
og difor måtte du døy.

Aslaug Låstad Lygre (1910-1966)

Fra “Rit di rune”, Oslo 1957

Mørkt eventyr i november

No plantar heksene kostane sine
på bakkekammen mot vest.
Der står dei med ribba og sprikjande kvister.
- Tjora er heksa sin hest

med skaftet i mold og soplimen bustut
og svart under sotut sky.
Sidan i kveld under gulostmånen
skal heksene ut og fly.

Høyr – no blæs dei i lyrane sine,
kallar over mot aust,
sopar govet om nåbleike strender.
Det kvin gjennom gisne naust.

Kald er anden frå heksemunnen
som gyv over brune mark,
øydande alt med sin rimfrostkvite,
- Og dua frå Noas ark

finn ikkje grønblad i nebben sin
og kvile i dyut rom.
November er argaste syndflodmånad
med verda så aud og tom.

November er argaste syndflodmånad.
Draugane rir over sjø,
og når dei i rova på kosteskafthesten,
dei druknar heksa i snø.

Aslaug Låstad Lygre (1910-1966)

Fra “Rit di rune”, Oslo 1957

Ungdom

Du er ein melodi
på vegane i ljose vårkveldar
- ein etyde over kvite tangentar.

I nlåe morgnar
styrer du dine skuter
mot ukjende øyar i havet.

Der suser palmene
over deim som ventar
- og der byter du dine varer i vin.

Høgt til hest
ljomar dine blanke sølvtrompetar
ut over all verda,
og hesten er jorda,
utemd og ny i taumane dine
- og alle hinder er til
for å takast.

Leande går leiken over grøngraset
- snart voggande i mjuk rytme
- snart klingrande hard
i stadig meir skjerande crescendo.

Men dette er berre førespelet,
førespelet til dine tusen
lukkeleg villfarne symfoniar.

Sterke og ville
er tonane i dine hender – ungdom -
desse frå den gryande sumaren
sitt mørke hjarte.

Aslaug Låstad Lygre (1910-1966)

Fra “Rit di rune”, Oslo 1957