Viser arkivet for stikkord hjartarson

Svaner

Svaner set kjølfar
på døkk logn yte
djupt stikk dei ned

stille

kan henda syng dei
aldri meir

aldri for
még meir.

Snorri Hjartarson (1906-1986)

Fra “Haustskyming over meg”, 1979

Gjendikting til norsk ved Ivar Orgland

Sky og tre

Ei sky har sett seg
på høge nakne greiner

eit frukttre kvitt
av blomar

bruk augo dine vél
biletet er forgjengeleg.

Snorri Hjartarson (1906-1986)

Fra “Haustskyming over meg”, 1979

Gjendikting til norsk ved Ivar Orgland

Sommar

Bortanfor elva nakne fjell
der ho renner gjennom krattvaksne høgder
straumtung og bjart

i ei dokk under granne tre
strøymer elvesus og ange i brystet mitt
løysest skyer for sol
opnar seg blomekroner

hjarta mitt er ungt
ynska mine søv.

Snorri Hjartarson (1906-1986)

Fra “Haustskyming over meg”, 1979

Gjendikting til norsk ved Ivar Orgland

Vårkveld

Dropar fell
frå skyers himmelborger,
duskregn dryp
i mjuke nye graset,
alt er nytt og ungt
i slike kveldar,
inkje sårt og tungt

utan spora bort
frå barndoms blomar.

Snorri Hjartarson (1906-1986)

Fra “Haustskyming over meg”, 1979

Gjendikting til norsk ved Ivar Orgland

Godt for dei som ventar

Over austfjella
ventar ein bleik måne på kvelden

Ventar ei ung kvinne på
at kjærasten med eld skal ta til eige
det kvite landet sitt

Ventar ein diktar på
at det skal anda på utsoven streng
så klangane hans vaknar

Godt for dei som ventar
på dét å få gjeva og njota.

Snorri Hjartarson (1906-1986)

Fra “Haustskyming over meg”, 1979

Gjendikting til norsk ved Ivar Orgland

Røyster

Enno stig milde røyster
frå runnar og tre
gjennom motorduren
på gater, i lufta,
unge milde røyster,
og inst i hugen min
svarar ein einsleg fugl
som er løynd i ljoset.

Snorri Hjartarson (1906-1986)

Fra “Haustskyming over meg”, 1979

Gjendikting til norsk ved Ivar Orgland

På Kvalsnes

Kyrkje ved ope hav

I koren bøyer eg meg ned mot
ein stein med innskrift,
let augo og hender
røra ved skrifta, ein heilagdom

Ser ein mann som bøyer seg,
høyrer klangen
av hamar og meisel, ser tårer
spretta i gråe støvet

Ser han leggja til rette
hella på grava til
sin livsdraum, all sin kjærleik
og diktet og steinen vert eitt

Eg går ut i den milde brisen
og ser at havet er ikkje større
enn den heilage sorga
til denne kunstnaren.

Snorri Hjartarson (1906-1986)

Fra “Haustskyming over meg”, 1979

Gjendikting til norsk ved Ivar Orgland

Logen

Hit er eg komen
til ein løynd stad
her vil eg venta

verna ein raud
loge mellom hendene

ventar til han vert
eit bål
og brenner meg til oske.

Snorri Hjartarson (1906-1986)

Fra “Haustskyming over meg”, 1979

Gjendikting til norsk ved Ivar Orgland

Foto islandsk landskap: Torgny
Foto av dikteren er hentet fra nettet

Ei vise om våren

Våren
er komen

og svinga kring garden
til ein gamal mann

han venta seg ikkje mykje
venene gløymest

ser still på
at det kverv.

Snorri Hjartarson (1906-1986)

Fra “Haustskyming over meg”, 1979

Gjendikting til norsk ved Ivar Orgland

Minne

Høgklår haustdag

Eg sit under mønet på låven
som ung gut
og smir meg ein hest
av ei skie

solskin og stille
over alt det eg elskar
den grøne bøen
den glitrande myra
fjella ikring
klettar og hus

og eg er åleine i dette ljoset
og freden og herlegdomen
åleine
og eitt med alt.

Snorri Hjartarson (1906-1986)

Fra “Haustskyming over meg”, 1979

Gjendikting til norsk ved Ivar Orgland