Viser arkivet for stikkord institusjonen

Utanfor institusjonen

Korleis er det her utanfor institusjonen
Fortel meg det du som veit det motsette av alt
Sei korleis me har det
langs strandvegen, i villastroka ut mot
store ord
Du negasjon av lukke og
spaserturar til det unaudsynlege
Syng den gamle songen
din
stumt

Lars Amund Vaage (1952-

Fra samlingen Utanfor institusjonen, Oslo 2006 (Forlaget Oktober)

Til institusjonen

Eg gjekk med deg til institusjonen
Du heldt meg i handa, det einaste
tilforlatelege. Kjende eg eit oppmuntrande trykk
av fingrane dine? Eller var det meir ro i
handflata di enn eg hadde kjent før? Eg tolka
rørslene dine, håret ditt, ja
kleda eg sjølv hadde valt ut, kledd deg i
Eg tolka kvar pust, kvart steg. Blind
gjekk eg saman med deg over den
opne plassen framfor ein gul vegg
Eg såg ingen mønster i grusen, ingen
fuglar sette seg, ingen teikn flaksa
forbi meg, ingen tru støtta meg
berre den einsame tanken
på deg, det leikande barnet
stengt inne i deg. Lat meg
forklara. Tanken på deg gjekk
framfor meg. Tanken var
alt inne i institusjonen. Døra
opna seg. Me var
i gangen. Eg tok i bruk
språket til institusjonen alt
før han hadde lukka seg rundt oss
Forklaringane sette seg
fast i meg. Eg såg planane
oppslaga, diagramma, mål-
setjingane. Dette skulle
hjelpa deg. Eg høyrde den
klare, stygge songen. Eg såg tårene
dine på feil stader, uforklarlege
rikelege, ikkje til å nå med
hender. Eg ville takka deg for
no. Det var ikkje noko
å takka for
sa du

Lars Amund Vaage (1952-

Fra samlingen Utanfor institusjonen, Oslo 2006 (Forlaget Oktober)

Eg vender tilbake til landskapet

Eg vender tilbake til landskapet der dei galne eingong var
Så mykje har endrast, eg kan ikkje lenger sjå
luftegardane der dei vandra kvilelaust
eller sat samankrøkte ved murveggen
Endåtil husa dei budde i er rivne
eller ombygde og mangelen på galskap slår imot meg
Eg hugsar då eg møtte dei galne for første gongen
Dei ville blikka, høge hyl og dei sprang
tett inntil meg og langt borte
Kva såg dei med sine oppsperra augo
Kva kan dei ha observert inst i augnekroken
Kva såg dei galne utan å sjå
Kva står igjen etter dei i det ufattelege
landskapet i landskapet

Lars Amund Vaage (1952-

Fra samlingen “Utanfor institusjonen”, Forlaget Oktober 2006

Ill. foto: Torgny Skogsrud

Heimkoma

Dei galne er spake no når dei ikkje er så galne lenger
Dei galne har roa seg for det svarte har blitt skore vekk
i dei. Det vonde har blitt etsa ut av dei
Samtalar har kanskje hjelpt
Varsamt kjem dei galne heim frå terapien
Smilande ser dei seg rundt i bygda
Slik var det her, tenkjer dei
kjenner seg ikkje att
Eldtunger heng ikkje ned frå himmelen
Dei møter ikkje slike som ikkje finst
langs vegen. Endeleg finn dei fram
til husa sine, leitar etter
lysbrytarar

Alt er slik dei forlet det
Ingen har endra på noko, seier folk
Det er berre grønske
vokster, rotne bord

Kan dei galne greia seg sjølve no
vaska huset, finna seg mat?
Kva finst der galskapen ein gong var?
Eit umøblert rom?
Kvite felt etter bilete?
Stille sit dei galne i stolen
ser granskande på meg når eg kjem

Lars Amund Vaage (1952-

Fra samlingen “Utanfor institusjonen”, Forlaget Oktober 2006.

Lyrikkaften!
Torsdag 1. desember kl. 17.00 er det lyrikkaften på Tronsmo. Det blir opplesning av lyrikerne Kristian Bergquist, Sandra Lillebø, Kjersti Bronken Senderud og Lars Amund Vaage, som alle har kommet med nye diktsamlinger i år. Inger Bråtveit vil være konferansier.

Gjett om det er en i Bergen som har lyst til å være tilstede! 4 fine lyrikere som det kunne ha vært spennende å bli bedre kjent med. Men det finnes heldigvis nettbokhandlere .. .