Viser arkivet for stikkord lavik

Sigeren

Krigen gjorde han til krypling -
og ho som han var glad i
rømde frå han med ein annan.

Så sat han der sviken
og sokk inn i seg sjølv
- hadde eit sår som ikkje ville gro.

Staten òg sveik honom -
for staten var i sterk vekst
og gav prioritet
til slikt som kasta av seg,
og som kunne styrkje
den frie verda.

Så sat han der og småsvalt
einsam og bitter.
Ingen hadde bruk for han meir.
Sjeldan gjekk han ut
og få var dei som vitja han.

Dei fann han i vatnet ein vårdag
då heggen anga i liene
og barn gjekk leande på vegane,
glade over landskampsigeren
på stadion.

Sigeren lydde på 1-0
etter straffespark.

Olav Lavik

Fra “Strofer frå Strilelandet”

Nattfugl

Natt i april.
Bleikt nordlysskimmer over mørke åsar.
Berre vinden og ein audsleg bekk -
og di einsame murring i mørkre.

Eg stoggar på mi vandring
og lyer.
Skimtar deg i ei gamal krekse
øvst på reset.
Under ein bleik månesigd
sit du og klagar
ytst på ei turr grein -
og di sprukne røyst
mergstel meg så eg kulsar.

Over er stjerner og endeløyse.
Underleg å tenkje på.

Underleg å stå her
ein sein nattetime
og kjenne seg i ætt med deg
og di mørke klage,
du einsame.

Olav Lavik

Fra “Strofer frå Strilelandet”

Tidleg vår

Kven kan syngje om venleik
utan å vanta ord
når fløytetonen frå sysvort
stig over snøberr jord?

Kven kan syngje om gleda
når stjerner ei vårnatt sviv
over ei einsleg symre
som skjelv i frost for sitt liv?

Kven kan syngje om sorga
med minning om livsens haust
når sysvorta jublande helsar
morgonroden i aust?

Kven kan syngje om ljoset
så menneskehjarte brenn?
Det kan stundom ei sysvort
ein vårdag når sola renn!

Olav Lavik

Fra “Strofer frå Strilelandet”

I hine haarde dage

Eg språng ei pinstiafta
i syllblankt månaskin
med kandisklomp i lommo
te hjertevennen min.
Okk ja – eg å Serinno
me gløymde kav og slit -
når felo let på låven
og heggjen lyste kvit!

Ho sto ’med slipesteinen
å smilte då eg kom.
Og felo tolka for oss
all livsens fagerdom!
Eg gav ho kandisklompen,
å fekk ein klem te takk.
Og månen skein å blenkte
so långt som aua rakk.

Å ør tå heggeangjen
me svinga oss å lo -
heilt til ho kviskra: “Peder,
eg har so tronge sko!”
- “Sørg ikkje du Serinna,”
sa eg, “snart ser eg syn
å kjøpa ballsko te deg
på Bryggjo idni byn!”

Me sette oss å kvilde
alt medan felo let.
Serinno sat å tagde -
eg tykte mest ho gret.
Då kom han Jon i Brekko,
ein gut med gard og grunn,
å tigga: “Skjønn Serinne,
o, dans med mig en stund!”

Eg sku’ nett by han pynten,
då ho med ett sa ja!
Han Sigvald kom med flasko -
eg ville ikkje ha.
Eg sat som svimasleien:
Serinno kom kje att!
Eg rusla ned te strande
i skoddkvit sommarnatt . . .

Ei villand språng på vatne
med onga-flokkjen sin.
Eg sto og stirde på dei
og knytte neven min.
Då høyrd eg subb i grase:
Dar kom ei utan sko!
- Eg vart so ilt me’, Peder . . .
“Du skremde meg” sa ho:

Ei stjerna sto å blikta
so høgt og blankt i nord.
So sat me dar å dikta
ei visa utan ord.
- “Bli med meg te Junaiten,”
sa eg. Då smilte ho:
- "Eg vil so gjedna, Peder -
men har so tronge sko . . . "

Olav Lavik

Fra “Strofer frå Strilelandet”

Treet og handa

Eg gjekk ein gong med bestefar
og bar eit rimkvitt tre
som stakk ein stakkars liten kar
som gjekk i snø til kne.
Det dimdes over myr og mo.
Frå fjerne kvite fjell
kom kalde gufs av austansno
og frostblank vinterkveld.

Så laut eg sleppe treet, eg -
og kvila meg ein grann.
Den valne neven min fann veg
til bestefar si hand.
Då vart den første stjerna tend -
vi skunda oss til gards!
Men aldri har eg sidan kjend
ei hand som bestefars.

Olav Lavik

Fra “Strofer frå Strilelandet”

Eg kjende ein kjettar

Eg kjende ein kjettar
som brann for si tru
og slost for idéen
utan å snu.

Ofsen og uværet
beit ikkje på han.
Mange forkomne
vermde seg hjå han.

Kulden og stormen
dreiv frendar i ly.
Han gjekk mot kovet
utan å kny!

Krøkt under stormkast
som ville kuva
voks han i styrke og trass
til han ruva!

Verda har bruk for
styrke og mod:
Uretten rår -
bødlar og blod.

Verda har bruk for
kvar uredd einar
som brenn for si tru
kva enn fleirtalet meinar.

Fleirtalet søv -
det er det sanne.
Kjettaren einast
er ljoset i landet!

Olav Lavik (1918-1996)

(Strofer frå Strilelandet)

Ved ein nedlagt støl

Vinden kviskra stilt om kvide – -
elva klaga som ho gret.
Skymingsskuggen fall så vide – -
lia fekk so døkk ein let.

Sat der ved det morkna selet
med det mørkna mellom fjell.
Myrull svaga – - sørmed vatnet
skreik ein lom i dimstur kveld.

Sat der lenge still og lydde,
- – kjende heimsens store sut
gripa hjarte – - medan selet
svartna og vart stroke ut.

Olav Lavik (1918 – 1996) (Strofer frå strilelandet)

Voggesull

Sov mitt barn med augo blå.
Verda ho er kald og grå.
Mor har venta dag og kveld -
einsleg under bratte fjell.

Skuggen fylgjer oss på jord.
Sume ventar – sume fór.
Sov mitt barn i draumeland.
Skyming fell på steinut strand,

Stormen syng på aude hav.
Du er gleda livet gav.
Sov mitt barn med gullan hår.
Stjerner over stova står.

Sov mitt barn i fattig krå.
Vinden kjem med vårleg bod:
Over fjellet audt og bratt
kjem det kanskje ein i natt . . .

Olav Lavik (1918 – 1996) (Strofer frå Strilelandet)

Lys lengt

I mars
når markene enno ligg kvite
i bitande sno
under gråkald himmel -

I mars
når vi enno merkte av vinter
møtest ein morgon
på blåsande vegar -

I mars
når trea enno står svarte
og susar
i isnande austavindskveldar -

syng der ein fugl
eg ikkje veit namn på
ei lita strofe om vår:

Li, li – lenge lengta!
LI, li – lys lengt! -

Olav Lavik (1918-1996) (Strofer frå Strilelandet)