Viser arkivet for stikkord obrestad

Eit dikt til finske drosjesjåførar

Om eg kjem til himmelen
(eg trur på ingen måte at det skulle gå slik
men ein veit aldri)
ville eg gjerne bli motteken
av St. Peter
i skikkelsen av ein vanleg finsk drosjesjåfør
Eg ville føla meg så velkommen
og tatt vare på i det han åpnar døra
tar ferdasekkenmin og seier: Stig inn, min herre
Ein kunne beint ut tru at ein vart sett pris på
og at Himmelens Herre hadde visse forventningar
- Kor kjører me? spør sjåføren
- Eg har ingen andre ønske enn
å sjå Himmelporten åpna seg, svarar eg
Straks startar han bilen og kjører av stad
i salig visse om ferda

Tor Obrestad (1938-

Fra “Himmelen over Vålandskogen”, Oslo 2009

Paradiset

Eva sat i hagen og åt av eplet
i “den ordnede temmede natur”
Sidan femnde ho han heftig og forkynte:
Edens hage er kulturens esse
Menneske og dyr saman på beite
Evig sommar og vind frå sør

For ein fin vårdraum
sommardraum med kvite skyer
haustdraum med alle angane
frå solgrøda, ein kjem ikkje nærmare
paradiset. For brått står han der

Patriarken med slagregn og vinterstormar
Menneske og forskræmde sauer
styrtar til skur og katakombar
der det verkelege livet tar til

Tor Obrestad (1938-

Fra “Himmelen over Vålandskogen”, Oslo 2009

Dei eldgamle

Duftene av det veksande
rotnande gjødsel
rotnande tare og hav
bles bort kring hushjørna
tunet var åpent
for nordavinden og austavinden
Lenger nrd i hallet, mot åno
låg tuftene etter eit seksti meter langt hus
frå folkevandringstida
Der kunne dei ikkje sjå havet
Men dei som låg på haugen
i gravene frå bronsealderen
såg
Og dei i steingravene
nede i fjøresteinane
har eit hjarta
Det kviskrar i vinden
i ei still susing
og når eg i skumringa tenker
på desse gamle, blir rommet
her er sit, fylt
av glaggermyser

Tor Obrestad (1938-

Fra “Himmelen over Vålandskogen”, Oslo 2009

Han gir seg likevel ikkje

Ennå merkar han korleis kjelda pumpar
den som kunne løfta han så høgt
at han svevde over marka, stega hamra
over den solbrende jorda mens kjelda heldt fram
med å pumpa, blei broten mot himmelen i ein regnboge
skapt av sola og dei tusen dråpane
overveldande, både å vera luft og vatn
Av og til mintest han korleis det var i ungdommen,
ja, etter som han blei eldre med
korleis springvatnet spruta ut i rommet
og fylte stega med trolldom. Ennå
fins skuggane frå den fortryllinga
Dei fylte han med ei sæle
som nesten ikkje var til å halda ut
for det var ei kjensle av, ei visse om
at ein ikkje lever evig, krafta i kjelda
svinn, men likevel, svimmel
nok til at han tenkte:
Så skal du likevel kunne koma til å sveva der ute.

*

Svevande
Ut over berget
Ut over stupet
Breia ut armane
Breia ut vengene
Svinga seg i saltomortalar
Over avgrunnen
for sidan å landa trygt
mjukt, i graset
nede i dalbotnen
bare å vita
at ein vågar det
endå ein gong

Tor Obrestad (1938-

Fra Himmelen over Vålandskogen, Oslo 2009

Strandpust

Gå på graskledde, fjørande beitemarker
nede ved fjøra. Nedanfor grastorva gravhaugane
frå steinalder bronsealder, kjenna pusten
frå dei som ein gong i tida leika her, sloss og røva
for utkome og liv. Hundre år, tusen år, ti tusen år
ligg gøymde under føtene, i grasmumlet, bølgjemumlet
havsongen. Gange fylt av andakt
Så mange sviv ikring, så mange
tankar, draumar og heite ønskje
der nede i mold og stein og vatn

Tor Obrestad (1938-

Fra samlingen “Himmelen over Vålandskogen”, Oslo 2009

I mosters gravferd

Moster var Mor Godhjerta
Ho kunne snakka utan stans
på innpust og utpust
Ho kunne le utan hemningar
og ho lo ofte
Ho var verkeleg ei godjente
(Og litt masete)
Nå kviler ho saman med sin riddar
Sankte Georg med kontrabassen nede i molda

Ho gjorde noko som eg ikkje har sett
nokon gjera henne etter:
Ho kunne, midt i ein talestraum
løfta kaffikoppen for å ta ein sup
for så å somna, endå med kaffikoppen
i handa, utan å drikka, utan å mista koppen
ikkje ein dråpe spilt
sov ho sin søte blund

Tor Obrestad (1938-

Fra samlingen “Himmelen over Vålandskogen”, Oslo 2009

Paavo Nurmi drøymer

Den gamle Paavo Nurmi drøymer at han spring
i skogen. Like mjuk som alltid, like spenstig
Grasbakken og barnålene fjører under fotblada
og han pressar i den siste bakkestiginga som før
får den svevande kjensla i kroppen av å flyga
frå dei andre, uovervinneleg som han er
og den vanvittige gleda, ja, rusen som følgjer
Han konstaterer, i draumen, at slik er det:
Han tapte ikkje eit einaste terrengløp

Kjenner ennå varmen frå draumen
i heile kroppen når han vaknar
Han famlar etter stokken og merkar
varmen svinn, stivheten krev sin rett
Med pine tar han på seg frakken
blir sintare og sintare
og stolprar ned inngangstrappene
ut i fri luft for mødesamt
å gå morgonturen i Sibeliusparken

Tor Obrestad (1938-

Fra samlingen “Himmelen over Vålandskogen”, Oslo 2009