Viser arkivet for stikkord sæter

Nattfuglane

På taket skrapar det
av klør.
Det er dei svarte fuglane
som landar,
alltid søkjande,
alltid stumme.

Under mørk, stjernelaus himmel,
i måneskin, regn og frost
vert du vakta,
time etter time
i ruvande ro.

Så lenge hjarta ditt slår
søkjer dei deg opp
i uhyggeleg truskap
og held seg nær
til timen er inne.

I gryet dreg dei bort,
stumme som dei kom.

Alf A. Sæter (1935-

Fra samlingen Å henga hjarta sitt på ein rosebusk, Oslo 1990

Draum om siste kveldssol

Like før det var for seint
steig ho fram
frå skyforhenget,
strålande
festkledd.
Og landskapet løfta seg
i eit rødt drønn
av lys
frå fjellsidene
og viddene
og strendene.
Utan ord dreiv eg
arm i arm med sollyset
over gråsteinsknausar
og motbakkar,
gjennom den tunge døra
og fram til bordet
med den opne boka,
utan å kjenna otte
for domen
eller redsle
for døden.

Slik sto eg,
andlet tilandlet med meg sjølv
ved altaret
til eg vakna,
for første gong bønhøyrd.

Alf A. Sæter (1935-

Fra samlingen Å henga hjarta sitt på ein rosebusk, Oslo 1990

Uven

Eit andlet
eg elska
og så hata.

Ein glugge i muren
med eit menneske
bakom.

Langt ut på kvelden
ropa det
og ba om nåde.

Eg høyrde det
og skalv av frost.

Alf A.Sæter (1935-

Fra samlingen Å elska er å vera stille nesten heile tida, Oslo 1987 (Samlaget)

Kontakt med ein bergteken

Aldri så nær eit menneske
som her
ved berget bak dei falma tistlane.
Aldri så tydelege rop
som her
under dei skingrande fugleskrika.
Aldri så mjukt å vera til
som her
i eit solvermt gråsteinsfang.

Eg vaknar brått
for berget skjelv
og nokon ynkar seg i djupet.
Eit rop døyr bort.

Sakte siglar kvelden ut
på stille sjø
og langt i vest
går vinden att og fram
og ventar på signala
ingen kjenner.

Så nær eit dunkelt liv!
Så nær ei gåte!
Eg rispar blodet fram
og ser den røde stripa
krypa inn i steinen
for å stå i tusen år
og kviskra om eit liv
som ingen kjende.

Og straks er vinden der
så sjøen slår opp augo
og kan vaka over sitt.
Men aldri meir vil nokon elska
ved berget bak dei falma tistlane
og aldri nokon ynka seg
i gråsteinsdjupet.

Alf A. Sæter (1935-

Fra samlingen Å elska er å vera stille nestan heile tida, Oslo 1987 (Samlaget)

Liv og landskap

Min ungdoms landskap
var skiftande grått
under uvershimlane
og over djupnene,
men med svale morgonsletter innimellom
der fuglar vart jaga opp
i stigande stripe
og alt gleid unna
over blått vatn
til det stansa
i still endeløyse
og vart borte.

Som vaksen
leitar eg framleis langs strendene
som går i bogar kring verda,
set ryggen mot stormane
og er takksam for livet
og den lange, klåre dag.

Når det ein gong skymest
søker eg fjellet
der skodde driv
og elvar susar.
Grovhogge
skal det løfta sin profil
mot himmelen
og vera min gravstein.
Forvitra,
men veldig
og synleg milevis
over havet.

Alf A. Sæter (1935-

Fra samlingen Å elska er å vera stille nesten heile tida, Oslo 1987

Ill.foto: Torgny

Desembermenneske

Nettene
vert lange no på slutten.
Etter ein grå time
bryt lyset all kontakt,
skyv mørkret på plass
og dreg bort.

Og ingen av oss kan pusta meir
og alle tankar visnar
og fell som støv
over sansane
og livet skal ikkje nemnast lenger
og heller ikkje kjærleiken
som kan få menneskekroppar
til å stå i spenn
av lykke
og skaka i sorg.
Alt vert stilt på null
og ingen veit
og ingen trur
og ingen kviskrar
i denne verd av nattfigurar,
storkna på sine soklar,
vende mot vest
der alt tok slutt.

Og verda er borte
i menneskealdrar
utan tal og tid
før ropet brått løftar seg
frå ingenting:
- Sjå, lyset kjem att
frå andre sida.

Ein gong
visste vi alt om lyset.
No,
med ryggen mot morgongryet
høyrer vi eit rop
vi ikkje skjønar.

Alf A.Sæter (1935-

Fra samlingen Å elska er å vera stille nestan heile tida, Oslo 1987

Ei reise til

Vi skulle ha gjort ei reise til
før vi skildest,
kjære.

Ikkje til ein skingrande metropol
med alle sine herlegdomar,
men til ei landsens kyrkje
ved havet
ein stille maikveld.
Og du skulle ha svart kjole
og bleikt andlet
og eg ville sitja tett inntil deg
og halda hendene dine
medan du bad for deg og meg
og våre stakkars sjeler.

Så kunne du gå.
Og eg kunne venta på natta
åleine,
utan uro.

Alf A.Sæter (1935-

Fra samlingen Å elska er å vera stille nestan heile tida, Oslo 1987

Berre du - aldri du

Kvifor
har berre du desse augo
som opnar alt
og tenner lys?

Kvifor
har berre du dette smilet
som smeltar gamal frost
som ingenting?

Kvifor
har berre du denne røysta
som får meg til å sleppa alt
og gå til møtès?

Og kvifor
seier aldri du dei orda
andre kvinner (menn) kviskrar
til ein mann (kvinne) som elskar?

Alf A. Sæter (1935-

Fra samlingen Å elska er å vera stille nesten heile tida, Oslo 1987

Og aldri kyste du meg

Og aldri kyste du meg
og aldri kom du meg nær.

Ikkje en lovnad gav du,
aldri et ord i øyret
om at eg var deg kjær.

Og så er det deg eg elskar
fordi det er slik du er.

Alf A.Sæter (1935-

Fra samlingen Å elska er å vera stille nesten heile tida, Oslo 1987

Å kasta seg bort

Hjarta mitt
slår fortare enn ditt,
og du veit det.
Men du har klårare tanke.

Eg skriv dikt til deg,
dirrande av hete,
men du kjøler dei alltid ned
med kloke svar.

Likevel,
med alle sansar spente
som segl i vind
glid eg mot deg,
ustanseleg,
frå nord og sør,
frå aust og vest.

Men du seier
at eg er i ferd
med å kasta meg bort
på ville havet.

Alf A.Sæter (1935-

Fra Samlingen Å elska er å vera stille nesten heile tida, Oslo 1987