Viser arkivet for stikkord sigbjørn

Også noko anna

Det bitre draget
dei tynne skuldrene
dei svarte augo
den teiande munnen
men
ein stad eit smil
eit hjarta
ei glede
og mange fine ord
alltid er det du ser
også noko anna

Sigbjørn Heie (1945-

Fra samlingen “Dogg”, 1986

Derfor

Derfor midt i det
uforståelege
menneskedød og menneskedom
kvite driver av kulde
snø og bortbårne kister
og kald blomelukt
orda si grøssande meiningsløyse
og sjå opphavet
eit lys
varme rørsler
og stadig ny begynning

Sigbjørn Heie (1945-

Fra samlingen “Dogg”, 1986

Foto: Torgny

Idealist

Med handa kvelvd rundt
eit lite lys
går du aleine
inn i mørket

Sigbjørn Heie (1945-

Fra samlingen “Dogg”, 1986

Foto: Torgny

Ein plass må grensa gå

Han var ein helvetes brand
prylte ungane
prylte kjerringa
prylte merra

men då kom dyrevernet

Sigbjørn Heie (1945-

Fra samlingen “Dogg”, 1986

Ein mann og ein båt

Ein mann i ein mørk båt
med brunbarka segl
kvitt skum for baugen
vindkast langs steinlandet
fureskogen sine harde røter
i faste fjellet
brune sterke nevar
som ror og styrer båten
gjennom sommar og vind

No er det kveld for mann og båt
stjerner over snøkvit strand
det som var
lever i lyset

(Eit minnedikt)

Sigbjørn Heie (1945-

Fra samlingen “Dogg”, 1986

Då veit eg

Nærmar meg deg med redsle
deg eg vil vera nær
ser deg og ser deg ikkje
veit berre at du er

Ein gong skal eg møta deg
andletet ditt mot mitt
vegane ligg i mørke
valet er aldri fritt

Lyset lever i lufta
smilet er fjernt og blått
snart så er det hausten
og heile livet har gått

Nærmar meg altså slutten
ingenting skulle henda
då veit eg einast inst inne
deg skulle eg aldri få kjenna

Sigbjørn Heie (1945-

Fra samlingen “Dogg”, 1986

Foto: Torgny

Jentesnakk

Eg sit på ein kald stein
Det er sommarkveld
Og stilt og einsamt
Ingen steg nærmar seg
Eg sit utilnærmeleg
Og ventar han som ikkje kjem
Trø meg ikkje for nære

Sigbjørn Heie (1945-

Fra “Dogg”, Oslo 1986

Vaksen

Eg trudde fjellet hadde vore høgare
men det var så tomt på toppen
berre ei einsleg steinrøys
likevel det eg trudde var høgt nok
og eg såg alt eg trong sjå
men no måtte sjå
med attlatne augo
tok nedstiginga til
og elden slo mot andletet
hadde eg ikkje trudd på helvete før
visste eg no at det fanst

Etter å ha vore på toppen
ber alle vegar ned

Sigbjørn Heie (1945-

Fra “Dogg”, Oslo 1986

Mot vår

Eg kom gjennom snøen
var midt i alt kvitt
og ei gnistrande sol
frå blå februarhimmel
mørk fureskog og isvatn
ei kvit lukt av ingenting

då såg eg ei mørk stripe
ei rå fuktig stripe
av jord og glinsande våt mose
eg la meg ned og trekte inn
ei dim forlokkande lukt
frå alt som venta
på andre sida av vinteren

mot kvelden fraus det på
og det var is-stilt i verda
stjernesingling gjennom rommet
ei flammande nordlysstripe
og ei mørk stripe av mose og jord

Sigbjørn Heie (1945-

Fra “Dogg”, Oslo 1986

Før alt viskast ut

Fuglar i det nyslegne og nakne
mellom gult potetlauv

ei helsing i raude raunar
og et bleikblått sveip av væte
rundt ei skjelvande sol

nokon trør stilt tilbake
i sine eigne spor
så viskast alt ut

Sigbjørn Heie (1945-

Fra “Dogg”, Oslo 1986