Viser arkivet for stikkord skrede

Haust

Den skrale båten kviler
på stavstill sjø
og blakke åkrar og bøar
drøymer om snø.

Sjå, nifse fuglar skinglar
med bråe kast
og flogfjell gufsar av lengdom
haustkvitt og kvasst.

Det sit ein mann i båten,
sit stum og still
og ser mot garden der inne,
sorgsam og mild.

Den rudde guten eingong
for gjenta si,
men miste gjenta og garden.
Sorg gjev seg tid.

I kveld med vemod han minnest
si morgonstund
med sus av rislande lauvfall
gjennom hans blund.

Han ror, det dryp og riktar,
han ror i ring
- ein mann som roleg til avskil
ser seg ikring.

Her vakna heile spelet,
no er det haust,
no er kvart minne i hugen
någult og laust.

Ragnvald Skrede (1904-1983)

Besseggen

Livet er som å gå Besseggen:
Syner som blankaste barndomsdagar
og kveldsfreden god etter fullførd vandring
eller avgrunns djup
ventar deg etter som alt er laga…

Livet er som å gå mange Bessegger.
For livet er ein draum,
livet er ei rekkje draumar:
Du kan ferdast i lavande paradislundar
og vakne i gru på det ytste skjer;
du kan segle i svartnande vitlausfart
mot kimande, krasande undergangen
og vakne i skogsus på Fredens øy -
gong på gong…
- – -

Livet er blodig og sælt.
Sigrar og tap og nye planar -
nye Bessegger,
nye Bessegger.
Alle dine voner
kneggjar som hestar mot Jorsalferd
kvar gong, kvar gong…

Det er livet å gå Besseggen.

Ragnvald Skrede

Rullesteinen

Turrbrend er mine dalsiders jord,
ber liksom ei skorpe av tre.
Dogg, regn, tårer skrensar av dei,
gjev ikkje, finn ikkje fred;
rasar i ørvæne
lukt i Finndalen ned.

Og no rullar Finna,
mitt livs elv,
stein, stein, stein.
Som dyr med krøkte rygger
tanar over dirrande botn
stein, stein , stein;
hard, vond, vitlaus
kvervlande rullestein,
stein, stein, stein.

Ragnvald Skrede

På tinden

- Det smell som skot når vinden
gufsar om høgan tind;
det er så kaldt på tinden,
så isande kald ein vind.

Kva vonar du her å vinne?
Fylg meg i dalen ned!
Korleis k a n du få or minne
vår lykke, vår heimefred?

- Tal ikkje som ein dåre!
Eg ser så vidt om land,
eg har gløymt bygd og åre.
Du er kvinne, eg er mann.

Ragnvald Skrede

Steinen på stupet

Boren av skridande bre,
lagd på ein tind,
endeleg løyst or lega
og send som i susande vind,
men stansa på nytt av meinslege makter -
slik ligg steinen på stupet.

Kviler i ladd ro
i tusenår,
duvar i drøymt framsviv,
dirrar i minnet om avlaus-tan.

Så bikkar, så losnar det
ein sundagsmorgon.
Fjellet kastar med nakken,
set i eit skingrande hanegal.
I ei stutt, men veldig stund
er darumane røynd:
Slik fart f i n s t!

Bleike står vi
og skjelv i krutrøyk:
Har du sett slikt flog over fonn?
Har du høyrt slik sukk
eller kjent slik fred?

- – -

Boren av skridande bre. . . .

Ragnvald Skrede

Bøn i berg

Stakkaren stunde i brattast berg:
Gje meg ei hand!
Han svimra, han fraus i sin inste merg:
Hjelp meg du som kan!

Kvi kleiv du opp i så farleg fjell?
Gje meg ei hand!
Du klagar, men sjølv har du skulda lel.
Hjelp meg du som kan!

E g skal hjelpe deg, kjære bror -
her er mi hand.
Ja, livet er flokut og faren stor.
Hjelp oss den som kan!

Ragnvald Skrede

Mold

Den milelange åsen
av stum kald stein
ber eit tynt lag av mold

Livna or den mold
har granskogar susa
og bregbrurer svaga

Livna or denne mold
har kvinner fødd born
og menn gått i krig

Smuldra i all denne mold
kviler ætt over ætt
under ungdoms leik

Menneske blir mold
medan stein er stein
Berget er og var

Om all mold blæs av berget
vil berget skapa ny mold
Berget var og blir

Den milelange åsen
av stum stein
drøymer og skapar mold

Ragnvald Skrede