Viser arkivet for stikkord tidleg

Tidleg vår

Kven kan syngje om venleik
utan å vanta ord
når fløytetonen frå sysvort
stig over snøberr jord?

Kven kan syngje om gleda
når stjerner ei vårnatt sviv
over ei einsleg symre
som skjelv i frost for sitt liv?

Kven kan syngje om sorga
med minning om livsens haust
når sysvorta jublande helsar
morgonroden i aust?

Kven kan syngje om ljoset
så menneskehjarte brenn?
Det kan stundom ei sysvort
ein vårdag når sola renn!

Olav Lavik

Fra “Strofer frå Strilelandet”

Tidleg vår

Skogen står svart i heia.
Linna er nær.
Det sjogar audsleg i nakne greiner.
Det surklar sjukt under gamal is
som ikkje ber.

Eit barn står og glytter i døra.
Ei rute går opp.
Det svalar lint over bleike vangar.
Det skrattar kvast kringom reis og runn
og dunut knupp.

Den bråna eimen av snø ber inn,
og langt borti fjell
ryk det i skavlar og durar det dumpt.
Trøytte andlet snur seg og skodar
dit skredet fell.

Aslaug Låstad Lygre (1910-1966)

Fra “Rit di rune”, Oslo 1957