Viser arkivet for stikkord tor

Mat og sjel

Hardrøynt er livet, det
fell ikkje lett.
Ynskjet mitt er å få
eta meg mett.

Eta til mage står
trillande rund,
sova og vakne att
strålande sund.

Rikmannen kallar meg
matstrevar, træl,
prestefar segjer eg
taper mi sjel.

Hæd meg kje, rikmann, for
met er det natt.
Du er ein drake som
vaktar ein skatt.

Kristus gav mette til
femtusind mann,
prestefar fyller i
magen sin, han.

Hadde eg mat, so eg
svolt’kje i hel,
skulde du sjå at eg
ogso fekk sjel.

Tor Jonsson (1916-1951) Arbeidermagasinet nr. 4, 1936. Her gjengitt i Baksibragd; upublisert diktsamling, 1937. Manuskript på Nasjonalbiblioteket i Oslo.

Medtatt i antologien “Opprør, religionskritikk i norsk lyrikk” v/Ronnie Johanson, Oslo 1999

Gravskrift

Eg var ein prest
og song og bad.
For meg var døden fest
og vakkert soleglad.
Men no er alt så nytt.
Fy fan, kor eg vart snytt.
Den æva som eg fekk
var lik ein kolasekk.
Her ligg eg som eit frose frø -
Eit evig liv er evig død
når Herren ikkje løner
de lange, lange bøner.

Tor Jonsson (1916-1951)

Fra “Gravskrifter” (nr. 5 og 6) upublisert manuskript på Nationalbiblioteket i Oslo.

Medtatt i antologien “Opprør – Religionskritikk i norsk lyrikk” v/Ronnie Johanson, Oslo 1999

Satans sordin

Dei stillte strenger og spela
ei utlang natt.
På bedehuset dei låg og knela
med gråt og skratt.

Ein vår låg vaken og kalla
med jordtung makt.
Og alle gjentene gjekk og tralla
og trampa takt.

Da gjekk ein gud gjennom dalen
og sådde frø.
Mot hausten tona det i koralen
av dom og død.

Og hausten tok til å skrymta.
Det steig ein sus
av sorg i dalen – og einkvan ymta
om bedehus.

Eit mørker manar i hugen
med orm og eld.
Ein mann har hengt seg i svarte skogen
ein laurdagskveld.

- – -

Men enno høyrer eg tonar
om mørkret rår.
Du går og sukkar – du går og sonar
ein bortdrøymd vår.

Tor Jonsson (1916-1951)

Upublisert manuskript på Nasjonalbiblioteket i Oslo. Diktet var opprinnelig med i manuskriptet til samlingen Jarnnetter.

Medtatt i antologien Opprør – Religionskritikk i norsk Lyrikk v/ Ronnie Johanson, Oslo 1999

Kvit synd

Gauken gol inni gråe kvelden.
Gjenta høyrde at gauken gol.
Ho gjekk og lauga seg nedi hølen
og hengde på seg ein snøkvit kjol.

Gauken gol oppi grøne lia.
Guten tok på seg silkeslips.
Han song ei vise med valsetakt i
og slo på helen med kåte knips.

Guten gjekk der og høyrde gauken.
Gauken gol på ein fuglefest.
Men tonen døydde i gauketreet,
da guten møtte ein gamal prest.

Bekken gret da han høyrde presten.
Presten prata eit Pauli ord:
“Du går i møte med svarte synda.
Gå hjem til Herren og driv’kje hor.”

Gauken gol inni gråe kvelden.
Presten bad til det lukta svitt.
Men guten sa da han skimta gjenta:
“Sjå der kjem synda mi, kledd i kvitt.”

Tor Jonsson (1916-1951)

Upublisert manuskript på Nasjonalbiblioteket i Oslo. Diktet var med i manuskriptet til Jarnnetter (1948), men kom ikke med her.
Medtatt i antologien Opprør – Religionskritikk i norsk lyrikk v/Ronnie Johanson, Oslo 1999

.

Eit dikt til finske drosjesjåførar

Om eg kjem til himmelen
(eg trur på ingen måte at det skulle gå slik
men ein veit aldri)
ville eg gjerne bli motteken
av St. Peter
i skikkelsen av ein vanleg finsk drosjesjåfør
Eg ville føla meg så velkommen
og tatt vare på i det han åpnar døra
tar ferdasekkenmin og seier: Stig inn, min herre
Ein kunne beint ut tru at ein vart sett pris på
og at Himmelens Herre hadde visse forventningar
- Kor kjører me? spør sjåføren
- Eg har ingen andre ønske enn
å sjå Himmelporten åpna seg, svarar eg
Straks startar han bilen og kjører av stad
i salig visse om ferda

Tor Obrestad (1938-

Fra “Himmelen over Vålandskogen”, Oslo 2009

Paradiset

Eva sat i hagen og åt av eplet
i “den ordnede temmede natur”
Sidan femnde ho han heftig og forkynte:
Edens hage er kulturens esse
Menneske og dyr saman på beite
Evig sommar og vind frå sør

For ein fin vårdraum
sommardraum med kvite skyer
haustdraum med alle angane
frå solgrøda, ein kjem ikkje nærmare
paradiset. For brått står han der

Patriarken med slagregn og vinterstormar
Menneske og forskræmde sauer
styrtar til skur og katakombar
der det verkelege livet tar til

Tor Obrestad (1938-

Fra “Himmelen over Vålandskogen”, Oslo 2009

Dei eldgamle

Duftene av det veksande
rotnande gjødsel
rotnande tare og hav
bles bort kring hushjørna
tunet var åpent
for nordavinden og austavinden
Lenger nrd i hallet, mot åno
låg tuftene etter eit seksti meter langt hus
frå folkevandringstida
Der kunne dei ikkje sjå havet
Men dei som låg på haugen
i gravene frå bronsealderen
såg
Og dei i steingravene
nede i fjøresteinane
har eit hjarta
Det kviskrar i vinden
i ei still susing
og når eg i skumringa tenker
på desse gamle, blir rommet
her er sit, fylt
av glaggermyser

Tor Obrestad (1938-

Fra “Himmelen over Vålandskogen”, Oslo 2009

Han gir seg likevel ikkje

Ennå merkar han korleis kjelda pumpar
den som kunne løfta han så høgt
at han svevde over marka, stega hamra
over den solbrende jorda mens kjelda heldt fram
med å pumpa, blei broten mot himmelen i ein regnboge
skapt av sola og dei tusen dråpane
overveldande, både å vera luft og vatn
Av og til mintest han korleis det var i ungdommen,
ja, etter som han blei eldre med
korleis springvatnet spruta ut i rommet
og fylte stega med trolldom. Ennå
fins skuggane frå den fortryllinga
Dei fylte han med ei sæle
som nesten ikkje var til å halda ut
for det var ei kjensle av, ei visse om
at ein ikkje lever evig, krafta i kjelda
svinn, men likevel, svimmel
nok til at han tenkte:
Så skal du likevel kunne koma til å sveva der ute.

*

Svevande
Ut over berget
Ut over stupet
Breia ut armane
Breia ut vengene
Svinga seg i saltomortalar
Over avgrunnen
for sidan å landa trygt
mjukt, i graset
nede i dalbotnen
bare å vita
at ein vågar det
endå ein gong

Tor Obrestad (1938-

Fra Himmelen over Vålandskogen, Oslo 2009

Strandpust

Gå på graskledde, fjørande beitemarker
nede ved fjøra. Nedanfor grastorva gravhaugane
frå steinalder bronsealder, kjenna pusten
frå dei som ein gong i tida leika her, sloss og røva
for utkome og liv. Hundre år, tusen år, ti tusen år
ligg gøymde under føtene, i grasmumlet, bølgjemumlet
havsongen. Gange fylt av andakt
Så mange sviv ikring, så mange
tankar, draumar og heite ønskje
der nede i mold og stein og vatn

Tor Obrestad (1938-

Fra samlingen “Himmelen over Vålandskogen”, Oslo 2009