Viser arkivet for stikkord vaage

Turist

Då eg såg ut vindauga, fekk eg auga på far, enno ung
han stod ute i hagen, klipte rosene, eit arbeid han var flink til
Han var kledd i grønt og hadde på seg ei grøn lue med svart skygge
Eg er sikker på at det var han, huda var glatt, håret så vidt
begynt å gråna
kroppen var lett, spenstig
Han såg nøye på kvar kvist, kvart skot og tenkte seg om
før han skar. Eg sprang ut, men då eg kom ut i hagen var
han borte, staden der han hadde stått ved rosehekken var tom
Eg sprang til kjellaren for der brukte han ofte å vera
kledde seg om
eller drakk ein øl
Men då eg kom til døra møtte eg ei framand, mørk kvinne
Ho var tysk turist, viste
det seg, ho sa at ho var komen for å hjelpa
eit sjukt barn

Lars Amund Vaage (1952-

Fra samlingen Utanfor institusjonen, Oslo 2006 (Forlaget Oktober)

Utanfor institusjonen

Korleis er det her utanfor institusjonen
Fortel meg det du som veit det motsette av alt
Sei korleis me har det
langs strandvegen, i villastroka ut mot
store ord
Du negasjon av lukke og
spaserturar til det unaudsynlege
Syng den gamle songen
din
stumt

Lars Amund Vaage (1952-

Fra samlingen Utanfor institusjonen, Oslo 2006 (Forlaget Oktober)

Lunsj

Eg tok imot
tilbodet om lunsj og snakka uanstrengt
over bordet om alt det vanlege som ikkje
var så vanleg for deg. Eg kjende saknet
av bidraget ditt til måltidet endå om
det var du som hadde sett fram
tallerkar berre støtta av ein biletperm
og tydelege instruksar. Det var noko
eg tagde om. Det var ord som venta
på meg. Det var kanskje dei
same orda som venta på deg
Me var fråtekne dei same lydane
Mitt hjarta var
meir strengt enn ditt. Skriv
med hjarta var det einkvan
som sa
Det gjorde du

Lars Amund Vaage (1952-

Fra samlingen Utanfor institusjonen, Oslo 2006 (Forlaget Oktober)

Rørslene

Tjuefem år har gått
Du var borte
det meste av tida
Eg vart fråtatt deg
Eg tok deg frå meg sjølv
Korleis har du det på institusjonen
Eg tenkte meg ikkje inn i deg
Tanken stoppa på institusjonen
Tanken sirkla rundt deg
Tanken greidde ikkje å innta augo dine
Eg greidde ikkje å vera hos deg
Alt eg kunne sjå var rørslene
eit kunstig rom ikring deg
Institusjonen jubla
lovpriste meg

Lars Amund Vaage (1952-

Fra samlingen Utanfor institusjonen, Oslo 2006 (Forlaget Oktober)

Det blinde punktet

Kven har plassert institusjonen
blant dei andre husa
Vegen går forbi det blinde punktet
Trappa inn seier ikkjhe noko
om dei som bur her, deira mistak
eller lovnader i blodet
Utgåtte skor står likevel
på ei trehylle, kjøkenskåpa er
gul furu, nett slik
det skal vera, makrell i tomat
på bordet, leverpostei i blekkboksar
lenger inne soverom. nøyaktig innreia
til soverom, kosebamsar utlagde
etter ein vedtatt plan
Fargerike gardiner høgtidar
heimen. I personalgarderoben støvlar
regntøy, heilt vanlege jakker, lenger
ute bilar, fotgjengarar, folk
som er saman
smertar meg

Lars Amund Vaage (1952-

Fra samlingen Utanfor institusjonen, Oslo 2006 (Forlaget Oktober)

Møterommet

Kvifor såg eg ikkje institusjonen med dine augo
Kvifor såg eg ikkje deg med mine augo
Kan eg skulda på institusjonen
Då eg kom tilbake vitja eg deg ikkje
blanda meg ikkje med sekunda dine
vikla meg ikkje inn i auga ditt
Eg gjekk over det tome feltet
utanfor rommet der du var, sprang
langs den blå veggen av tømmer
kom til møterommet
diagramma over lukke
søylene for søvn
Eg tagde for eg måtte ikkje
plumpa ut med sanninga

Lars Amund Vaage (1952-

Fra samlingen Utanfor institusjonen, Oslo 2006 (Forlaget Oktober)

På veg til bilen

Korleis kan eg skildra institusjonen med ord
som ikkje er godkjende av institusjonen
Korleis kan eg skildra vindusrekkjene eg
snur meg bort ifrå på veg til bilen
Eg skulle ha sett
deg der bak glasa, veggen, det
du var stengt inne i
Einsemda di skulle ha sagt farvel
Korleis kan eg skildra deg
med ord eg fekk på institusjonen, sugd
inn i meg av håp

Lars Amund Vaage (1952-

Fra samlingen Utanfor institusjonen, Oslo 2006 (Forlaget Oktober)

Avskil

Eg mista språket mitt på institusjonen
Det vart borte då eg forlét deg der
du gjekk inn i dei forbausande mørke opphaldsromma
Eg mista språket mitt i avskilsstunda
som eg hadde frykta slik. Alle ord
trilla saman med deg, du språklause barn
Det var som om du kunne leika
med ball eller ord eller skuggane av
dei andre språklause borna
som flykta
Eg fekk nye ord av institusjonen

Lars Amund Vaage (1952-

Fra samlingen Utanfor institusjonen, Oslo 2006 (Forlaget Oktober)

På tur i skogen

Far, du tok meg med
du viste meg vegkantane, sirklane i sjøen
rutene i tømmerplantingane, systema
me vart fødde inn i
Du peikte ut Mjølkevegen
med heile armen
inn i mørkret
Eg følgde etter deg
Du sa fram setningar
Du skreiv opp lovene
for tankeretningar og fødsel
framfor deg ein stad
i småskogen
Du gjorde meg så liten

Lars Amund Vaage (1952-

Fra samlingen Utanfor institusjonen, Oslo 2006 (Forlaget Oktober)

Til institusjonen

Eg gjekk med deg til institusjonen
Du heldt meg i handa, det einaste
tilforlatelege. Kjende eg eit oppmuntrande trykk
av fingrane dine? Eller var det meir ro i
handflata di enn eg hadde kjent før? Eg tolka
rørslene dine, håret ditt, ja
kleda eg sjølv hadde valt ut, kledd deg i
Eg tolka kvar pust, kvart steg. Blind
gjekk eg saman med deg over den
opne plassen framfor ein gul vegg
Eg såg ingen mønster i grusen, ingen
fuglar sette seg, ingen teikn flaksa
forbi meg, ingen tru støtta meg
berre den einsame tanken
på deg, det leikande barnet
stengt inne i deg. Lat meg
forklara. Tanken på deg gjekk
framfor meg. Tanken var
alt inne i institusjonen. Døra
opna seg. Me var
i gangen. Eg tok i bruk
språket til institusjonen alt
før han hadde lukka seg rundt oss
Forklaringane sette seg
fast i meg. Eg såg planane
oppslaga, diagramma, mål-
setjingane. Dette skulle
hjelpa deg. Eg høyrde den
klare, stygge songen. Eg såg tårene
dine på feil stader, uforklarlege
rikelege, ikkje til å nå med
hender. Eg ville takka deg for
no. Det var ikkje noko
å takka for
sa du

Lars Amund Vaage (1952-

Fra samlingen Utanfor institusjonen, Oslo 2006 (Forlaget Oktober)